Hopp til innhold

Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/141

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
– 129 –

elles den Kar’n allt, at han greidde se sjøl og lite um senn va de nok ikje mange, som sto ut me aa helde Følgje me ’om hell, naar han foor som eit sterkt Ve’r baade høgt og laagt, ivi Fly og Flaagaa[1].

De Bele han Hans Heringsta va Reins-Skjyttar som best, va de jemnan Osamna, Bits’n[2] og Beta-Bol[3] millom Vag-Verom og Valdersom um Reinsfjelle. Bytes-Merkje i Høgfjelle va ikje visse og saa laag døm nok inn-paa ein-a’an og fellte Dyr kaar de høvde, maa’ta. Men imillom Valders og Nord-Dale vart de eit Agg ’taa desse, og naar døm raakaas i Fjelle, va de ette som de bar te. Elles ha ikje Vag-Verinn stor Hog te gaa i Kast me dessa smaae Valdersom, de va fjørne[4] Gute og saa ha Knivann deres sute saa loust i Skjei’om, all sin Dag. Og aat-kjennoge[5] va døm som Jerven, høyrde døm ein Børs-Smell i Fjelle, saa kom døm rennande som Kverville[6] og vilde ha „Grunn-Løt“ um de ikje alle Ti’e va paa Valders Grunn at Dyre va fellt. Paa denne Gjerde begjynda Valdersann me ’om Stor-Hans ou; han va i Kast-Lag me døm Gong paa Gong i Fystningen. Men her raakaa døm Gut, som ikje skvatt um døm bar te fiple me Knivom og „Løt“ fekk døm meir, hell døm ha Hog paa. Naar døm kravde „Grunn-Løt“, gav han døm Hogg um døm saa kom heile Hal’-Tyl’te og ette som døm ha vore i Hendom paa ’om Hans, vart de slutt me aa krevja „Grunn-Løt“, naar døm saag de va han „Hans i Heringsta“ som va i Fjelle.

Eingong ha han fellt fleire Dyr ein Sta inn-me Valders-Skjifte og han heldt nettup paa og røysa Kjøte for Jerve, da de kom fem Valderse faaraande og meinte paa te, at han ha skote paa Valders-Eige og at de no sto ’om te, aa gjeva døm „Grunn-Løt“ me se. Ette di, døm va saa mange, heldt døm se harde aat ’om „Hans i Heringsta“ og vilde ha bytt Kjøte trast. Ja, han Hans leet væl men tykte de va saa seint paa Dagje, at han meinte de va be’re døm møttest att um Maargaan og bytte Kjøte.

  1. Flaagaa: mest de saamaa som Fly.
  2. Bits’n: Bitsning, ’taa aa bitast.
  3. Beta-Bol: eit ofre’ele Hus (Bol) me Bitsning og Osamna.
  4. fjørne: terne, stri’e.
  5. aat-kjennog: hard te aa gaa paa, „paagaaende“.
  6. Kverville, Kvervil: vinn-Kast, „Hvirvel“.