Ein Husmann i ein Plass, kallas Aasen, ha han skulda for,
aa ha drepe ein Honn. Dette kunde han ikje bevise og difor
talde Folke han Ola te aa gjera Forlik og leggje ei litol Bot.
„Ja, Bote ska han faa, men fær eg Maal og Tal for meg paa
mitt Siste[1], saa ska han bli ve Honn likevæl!“ sa’n Ola.
Uppi Vaagaa-Mo va de Brennvin aa faa hjaa ’om Rolv Sme og der samla Folk se og gjorde meir hell ei Kule, baade Yrkt og Heilagt. Der i Huse raakaas Braatan og han Jehans Mo, eingong. Han Jehans va Skjyttar, han ou, og Karann kjenndes fraa Gjende. Braatan gjekk halv-full og sporde han Jehans, um han ha tikji eit Fat, som høyrde ’om te i Gjendes-Bu’n. Nei, sa’n Jehans. „Jou, du ha tikji de, saa go Kar du sit der!“ sa han Ola. „Eg stemne deg te-tings for detta, din Stor-Kjeft!“ svaaraa han Jehans. „Ja stemn saa mykjy du vil, og stemne du meg, saa ska du faa gjera Grei’e paa, kaafor du ha liggjande ei Reins-Hu’ i Bess-Stronn-Lyun!“ sa Braatan. Attpaa skulda han Mos-Mann for, at han ha tikji Baaten hans Ola forutta Lov og rodd ivi Sjoe. Ja de kunde ikje han Jehans gaa onda, men han la te, at de va som ein Baat ou, han Ola ha. For detta vart han Ola stemnd te Vaar-Tings i 1753 og dømd te bøte 4 Rd. aat di Fatige og 4 Rd. i Umkostning aat ’om Jehans Mo og attpaa skulde han bea ’n Jehans um Ondskjylding.
Skjyttar-Braatan ha mange Bon og den eine Son hans, heitte Jo, va ofte me Fare i Fjelle, da han vart vaksin. Eingong di tvo kom att fraa Reins-Fjelle, raakaa døm ein Elg i Kvenngrov og han Jo skout paa han, men skout imiss. „Naar du skjyt te-maals, da er du Kar, men ska du skjote te-kaals, da dreg de Dø’n og Djev’en i Vold!“ sa Gamlin.
Da han fekk Døar-Orde hans Tjøstol Kleppe, Bror hans, sa han: „ja, maantru de ikje er vorte heitt aat Tæom paa Stygge-Menneskjun no, da?“ Skjyttar-Braatan dø i 1777, de saamaa Aare, som døm timbra nørdre Stugo paa Ner-Bjønnsta.
- ↑ paa mitt Siste, Meiningje er: er eg før te aa taalaa i mi siste Stonn, ska eg seja de upp-at da.