Hopp til innhold

Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/134

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
– 122 –

de va mest ikje Raa’ vera i Hus me ’om. Ein Houst han ha rusta se ut aat Sjaadale, skulde han haa ein Fram-Veksting me se te Hjolp me Fiskingen. Da døm reiste heima’ saag Guten, at han Ola gløymde att Tobak-Rulle sine og den tok han me se saa ikje han Ola fekk veta um de. Døm ha Øyk me se og de va nok saamaa Reisa, han Ola vart saa sinnt paa den vetle Merre si, som døk ska høyre. Da døm foor upp-ette fraa Hinnsætrom sat Braatan og rei’ me ei stor, tong Nist-Skræppe paa Ryggje; detta va nok ingor lett Kløv og den vetle Merre hans pusta og stanka onde ’om, mea’ han rei’ nord-te aat Hinn. „Men kaa Dj. er de du stanka for? um du lyt bera meg, saa ber du da ikje denne tonge Skreppa!“ sa han. Me di saamaa han rei’ ivi Hinnde, snaava Merre paa ein Kupul-Stein saa ho dreiv ikoll og Braatan datt midt ne-i Bekken; men da vart han saa sinnt paa Merre, at han forbanna se paa, han vilde skjote ho, naar døm kom upp-aa Gaal’n. Guten han ha me se, va ein ægte Sløging og da døm va fram-komne um Kvell’n, gjorde han se so troskjyldog, at han sporde han Ola, kaar han skulde binde Merre, mea’ Braatan skout ho. „Hm! – aa, ho fær vel sleppe, veit eg,“ svaaraa han. De va nok ikje saa aalvorsle meint som kjytt va, og de visste nok Guten, maa’ta, Skjelmen.

Da døm no va væl i-stell kome paa Gaale vart Snus-Hønne hans Ola tomt og da han skulde sjaa te, ha han gløymt att Tobaks-Rulle sine heime i Braataa. Detta va eit leit Kast, men de va mest ikje tenkje paa, aa gjera Guten like heim-i Bygde att ette Tobakkje, hell. Allt som jemnan tok han de tome Snus-Hønne, snudde de upp-og-ne, kakka paa de me Fingrom – saa tok han utu den lange, inn-holne Bein-Toppe, sette ho langt uppi Naasan og drog aat se. Han fekk no Tobak-Teven paa den Visen ou, og de va no trast likar hell Ingenting. Men da Guten ha plaaga han, saalengje han tykte, passa han paa aa turke og maalaa Snus og fyllte paa Hønne saa ikje Braatan saag de. Lei’ fraa lite, tok Braatan Hønne att paa den gamle Gjerde, men no sette han sjølve Halsen paa Hønne upp-i Naasaa-Bore og drog aat se, saa de berre pistra. Aa du, for eit Gjestbo han fekk! Han drog Snus kav ne-i Tong’-Røtenn og fekk ei Heto-Ri’ me Nosing og Hosting og de, som meir va, saa Taarann