Hopp til innhold

Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/129

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
– 117 –

Tjøstol va berre 44 Aar da han vart Enkjemann og me Gards-Brukje bar de te aa kaamaa paa Hell for ’om. Han drakk ofte og lout jemnt bøte for Kjeften sin og Skjoting og Fisking ha han meire Liv for hell Gardsdrifte. Aare ette han misste Kjeringje fekk han ein Lous-Ongje og for de sto han Skrift i Vaagaa-Kjørkjun, de va enda mea’ han Herman Tresko[1] va Prest i Bygden. De heldt paa aa tok reint Av-Loup me Utkommun hans Tjøstol, men da eldste Dotter hans, ho Ragnhil, vart 16 Aar gomol, vart ho gjift me ’om Ola Paalson fraa Toulsta, Son aat Dragonlutnane. Detta va i 1741 og saamaa Aare ga han Tjøstol fraa se Gard’n aat Ong-Folkom og tok se ut ei medels Fø-Raa’. Han leit nok ikje rettele væl paa Verson sin og difor ha han di Firi-Orde i Føraa’s-Breve at han vilde ha Rett te, aa gjera som han vilde antell han vilde taakaa Fø-Raa’e ut, hell han vilde gaa i Brø’ me ’om Ola, men antell han gjorde de eine hell de andre, skulde han te kaart Aar ha 3 Tynno Konn „til Tobak og til Drikke“. Og no, ette han kom paa Fø-Raa’, laag han mesta i Fjellom og fiska og skout um Somrann, for Fjell-Hogen ha han saa sterk, at han alder gjekk utu ’om.

Verson hans Tjøstol va ein snill og go-lynnt Mann som ha godt Lag te aa laagaa se me ’om. Da han Tjøstol vart naagaa te-aars, vart han laak te aa sjaa og sist vart han reint blinn. No va Ongmann ein lett-liva Kar, som gjenne gjorde Moro og ette Gamlin vart blinn, va de summe Gongo han narra han te, aa bruke Magte si. Eingong kjørde han utt-um Vegen eit stort Beit-Lass uppi Vetahougje saa de volt ikoll, gjekk saa ne aat Gamla og ba han hjolpe se aa taakaa de inn-paa Vegen att. Lasse va saa stort og tongt, at korkje tvo hell tri full-vaksne Kare ha orka aa tikji de upp att Ja, Gamlin va saa troskjyldog, at han va me, men han Ola lout lei’e han uppi Vetahougen. Da han fekk se godt Tak velta han Beit-Lasse uppaa Vegen einsle, for han Ola bou ikje eingong te aa hjolpe te, han. Men de va eit slikt Tak, at de va reint kjøle aa sjaa de. Ein a’an Gong kom han Ola fraa Kvenn me ei stor Mjøl-Hit paa Ryggje; den sleppte han ne-i eit smalt Kjer og hard-stappa me Mjøl ronnt umkring te ho sat saa fast, som ho skulde sute i Bergje. Der

  1. Tresko (va utt. Treesko): Treschow.