som ha Snus-Hønne. Te all Lykke skjænte[1] Dasken paa Naasaa hans saa Tingborde tok de meste, men lell fekk Døvrin saapass, at han datt onde Borde – ha han faatt heile Smell’n i Hugue, trudde døm, han ha vorte liggjande dou ette. De synte i Borde som ette ein Grevs-Haamaar saa lengje Borde va te.
Paa Kleppe ska de enno i Kjellar-Takje liggje att naagaa ’taa ei Døra-Helle, han Tjøstol bar paa Ryggje fraa Tro-Dale, langt ne-i Jorde, og upp-i Gard’n paa Kleppe. Da han kom mest upp-aat Husom me henne, va de ein Fant-Gut som sporde, um han skulde faa hengje se paa og me-saamaa hengde han se fast øvst i Hell-Kante saa han Tjøstol fekk bera Guten att-paa. De va elles ikje sjaa-ande te, at de gjorde ’om Tjøstol naagaa, for han gjekk like bein, men da han kom fram-aat Stugu-Dør’n tverr-sleppte han Hella ne-i Markje og de va summe som meinte, at han Tjøstol ha vore like sæl um Guten ha vorte onde, men han va saa brennandes kvass te aa sløngje se ’taa, at han slapp ska’eslous. Denna Hella va baade saa vid og tjukk, at ingen kunde tru, at eit Menneskje ha bore ho. De va ikje Gjerd paa Magten hans Tjøstol og di Gamle ha de te di, at de alder ha funnes saa sterk Kar i Vaagaabygden, korkje førr hell sia’.
Kleppe-Gardann laag i Teig-Byte i Gamle-Daagaa som døm no gjere enno, og paa den Visen kann de lett-gjort bli Tvi-Drag um Inkortsande[2]. Eingong, ette han Tjøstol va ein te-komin Mann, va de ein ’taa Gutom paa Nordigard som vilde fløtja eit Vatnar-Vatn[3] ette sitt eigje Hugu. Men da ropte han Tjøstol aat ’om: „røyve du Vatne, Gut, saa ska eg taakaa ut Tarmann paa deg me eitt Grep, de ska eg de, de ska eg!“ og ette di let Guten de vakkert vera som de va førr. Han ha denne Gjerde me aa tvi-taalaa[4], han Tjøstol, vissa naar han vart sinnt, „de ska eg de, de ska eg“, „de fekk eg de, de fekk eg“.
Kjeringje hans Tjøstol heitte Umbjør og va kome fraa Nordigar-Holbø i Sjaardale; ho dø hell ong i 1738 og ha att 5 Bon ette se, Jento alle fem og den eldste va berre 13 Aar. Han