Hopp til innhold

Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/107

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
– 95 –

Hampen voks upp – Kaas’n saag ein Hampeaaker „derute paa Hedemarka“, som han alder i sit Liv ha seett Maakan te. Og ein Hamp va reint framifraa: de vart tvo Skjeppo Hampe-Fro ’taa ’om, og, da døm kolla Toppen taa ’om um Housten, baaraa døm Pinne inn i Stilken og kleiv ette. „Dj. synke mig, var han ikke akkurat som ei diger Gran!“

Og der ute saag han gjildaste Sau’n, han Nugungong ha seett – um ein la ihop seks ’taa di gjildaste Gjeld-Veddom her i Bygden, saa kom døm enda ikje der! Men de va no eitt Te-Fall for se sjøl ou, me di Saue. De va ein Hest, maa’ta, som ha kome saa hardt i Klø’n’ paa Bjønne, at heile Hu’e flakna ’taa ’om – Bjønn sto att me Hu’n i Labbom og Hesten sprang sin Veg forutta ei Hu’-Fille paa se. Detta va de ei gomol Husmanns-Kjering som fekk sjaa og ho tykte saa Synd i Heste, at ho tok ein gomol, slitin Skjinn-Fell og breidde paa han. Men du skulde seett den Hesten da de lei’ fraa eitt Aar! „F. gale mig, fandtes det Make til Uldsau paa hele Hedemarka!“

At Kaas’n va Skjyttar ha oss høyrt, men han va Fiskar, ou. Eingong ha han me se ein og drog Not, antell de va i Ottun hell i naagaa ’taa Fjell-Vatnom, ska ikje vera sagt. No gjekk de reint laakt me døm, de eine Varpe ette di andre – døm fekk ikje Beine og den Kar’n, Kaas’n ha me se, vilde, at døm skulde gjeva se. Men Kaas’n fekk han da endele truga te, aa vera me aa draagaa eitt einaste Varp. Og da døm begjynda aa draagaa, sette de paa „aa gjøre Vipper i Nota, og, da vi fik den tillands, tog vi, Dj. synke mig, en, som vei’de elleve Bismerpund“.

Slik Kar va Kaas’n. Men han Endre Aaseng sto ikje mykjy att[1], han, hell, um han ikje nettup ha vore me i Hollstein. Han Endre va upp-alin paa Lo i Ruste[2] og Far hans va kome fraa Bjølsta; da han vart vaksin Kar budde han si meste Ti’ paa Aaseng i Heidale. Men mest alle Stor-Hende han fortalde um, ha gaatt forr se „hime paa Lo“. Der paa Garde sette døm upp ein Skaarstein-Omn i Fjose, eingong, og de va Omn me Drag i –, de va stor Vande aa kaamaa burt-aat Aara. Ja han drog

  1. sto ikje att: va ikje ringar, laag ikje ette.
  2. Ruste: Rustbygde i Nørdre Fron.