Hopp til innhold

Side:Kleiven - I gamle Daagaa.djvu/106

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest


Stelle ikje langt fraa der, ho datt ne og paa di Flekkje, ho ligg, ha de alder vukse eit grønt Straa enno.



Tri Stor-Ljugare.

Naar ein vil ljuge, saa ska ein gjera de saa, at ingen trur, sa di Gamle og saales gjorde Kaas’n de, hjolp ikje han sjøl visst vilde faa Folk te aa tru de, han fortalde. Men Lygninn hans sa stødt fraa sjølve.

Kaas’n va ’taa ei gomol Stor-Ækt, heitte Kaas; døm ha vore Kri’sfolk langt att-igjønom Ti’inn; Far hans va Kaftin og budde paa ein ’taa Sambu-Gardom og sjøl skulde han nok vorte Sjø-Offeser. Da Hollstein-Karann laag ute, va Kaas’n Kadett paa Flaataa, men lenger kom han ikje hell. Her i Bygden gjekk han for ein Selle som Folk ha Moro ’taa naar døm fekk han te aa fortelja, um alle di Stor-Hende, han ha vore fram-i.

Fraa di Daagom han va me paa Flaataa, ha han mangt grepa aa fortelja, men de forrmeste va no um den Vill-Galtin, han eingong fekk vera me ilann og skjote i ein Skog i Hollstein. Døm va ei heil Tropp som ha tikji paa se aa gjera Ende paa di Galta – han heldt paa og vart verre, maa’ta, hell ei ’taa di sjoug Lann-Plaagom i Ægyften. Og da Kadettann fekk sjaa han, va de ingen, som tordes løyse Skot. Men da smella han paa fyste Skote, lell, Kaas’n, og sia va de Skot i Skot som i eit Slag og Galtin do som ein Stein. De va no væl, men aa faa de Beiste heim utu Skogje, de vart eit svare Brøkjand. „Vi fik os fat i en umaadelig Vogn, da, tilsidst, ja hun var Dj. synke mig, lengere end Laaven paa Klognæs,“ men enda hekk Galtin ne-paa Maarkje me baae Endom. Men va ’kje de Beiste grovt farle, da? va de nugun som sporde. „Jo, farlig!“ svaaraa Kaas’n, „da vi maga han op laa der, Dj synke mig, ellve voksne Karer i Magan hans!“

Kaas’n va upp-alin ut-paa Hei’marken og der ute va mest all Ting mykjy gjildare hell her uppi Norddale; Jorde va no saa vokstom der, at de va Ingenting heruppi. Berre saales som