Hopp til innhold

Side:Historisk Tidsskrift (Norway), femte rekke, femte bind (1924).djvu/508

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
502
SMÅSTYKKER

ikr. 30 bøker[1]. Berre tridjeparten er religiøse bøker. Millom dei andre finn ein slikt som »Landapotheque«, »Fruentimmers Husbog«, »Havebog for Bonden«, »Ledsagelse til Regnekunsten«, »Verdens Historie«. So er der »Kong Carls Krønnik« og »Holger Danskes«. Boklista byrjar med »Snurre Sturlesens Krønnikke« og endar med »Visebogen eller Kiæmpebogen« (ɔ: Peder Syvs visebok).

Ei »Snorre Sturlesens eller de gamle Kongers Krønik« er nemnt i eit skifte frå Særen i Vinje 1779.

Desse tvo dømi hev eg nærast slumpa til å få greide på. Eg hev slett ikkje leita etter Snorre i skifteprotokollane. Men er det funne 2 stykke i dei få skifti eg kjenner til, so skulde det vera von um å finna ikkje so reint få, om ein fór igjenom alle skifti.

I det heile trur eg at boklistone i skifteprotokollane er ei viktig kjelde, når ein vil granska åndslivet i norske bygder i tidi frå 17de til 19de hundradåret.

Knut Liestøl.



  1. I Norske bygder I vantar det tri bøker og fleire boktitlar er uheile eller mislesne.