Side:Historisk Tidsskrift (Norway), femte rekke, femte bind (1924).djvu/507

Fra Wikikilden
Denne siden er ikke korrekturlest
501
SMÅSTYKKER
21.
Peder Claussens Snorre hjå norske bønder.

I dette tidskriftet rekkje V, band 5, s. 102 ff. hev Halvdan Koht dryft spursmålet um kor mykje Peder Claussøns Snorre-umsetning var kjend og lesi i norske bygder. Han kjem til det resultatet at boki var heller lite kjend. Frå Telemark t. d. vert det »overraskende lite tilbake av vitnemål om virkelig gammel Snorre-lesning blandt bønderne« (s. 109), og frå Setesdal finst det berre ei einaste segn um at Snorre vart lesen[1].

Seinare hev Didrik Arup Seip peika på at Jacob Aall, etter det han sjølv segjer, hev funne Snorre »i flere af de vildeste Klippeegnes Fjældstuer« (sjå dette tidskr. r. V., bd. 5, s. 307).

Men korkje Koht eller Seip nemner den viktugaste kjelda me hev til å få greide på kva bøker det fanst ikring på gardane frå tidi ikr. 1700 og utetter. Det er dei gamle skifteprotokollane.

I skifti plar det vera nemnt kva bøker det finst i buet. Det er helst religiøse bøker ein finn, men etter kvart vert det meir av andre slags bøker au, helst historiske bøker og lovbøker.

Når ein fylgde skifteprotokollane frå dei byrjar og til noko inn i det 19de hundradåret, måtte ein so nokolunde kunna sjå kor vidt Peder Claussøns Snorre hadde kome ikring. Det skulde undra meg um ein ikkje då fann boki noko oftare enn Koht synest å tru.

Som Koht hev synt (s. 104) er det serleg andre utgåva (1757) av Peder Claussøns umsetning som det kann verta spursmål um. Det er difor tidbolken etter 1757 som er viktug i denne samanhengen. I Norske Bygder I (Setesdalen) er det prenta nokre skifte (s. 188 ff.). Seks av dei er yngre enn 1757, og i eitt av desse seks, i buet etter Olav Grundeson Skjevrak i Bygland (1821), finn ein Snorre. Etter upprekningi i skifteprotokollen må mannen ha ått

  1. I Skars Gamalt or Sætesdal II, s. 63–64. – Det finst eit anna eksempel i same verket IV, s. 213; der er det fortalt korleis morbror til den kjende sogemannen Hallvor Akre fekk tak i Snorre.