Hopp til innhold

Side:Han Per og ho Bergit.djvu/35

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

inkje du var rædd Gunnar!“ „Rædd? du heve vel inkje Hug til at brjota av deg baade Armar og Bein du helder, veit eg.“ „Men Gunnar daa!“ „Inkje um du var Syster mi,“ og dermed snudde Gunnar seg paa hi Sida og raut. „Gunnar — kann du høyra,“ og Bergit ruskad i honom. Gunnar svarad inkje, røyvde seg inkje, berre sette i med ei høgare Rjoting. „Nei Herregud! kvat skal eg gjera,“ sagde Bergit og var reint utor det, „eg lyt upp til Olav Nordistova.“ Og Bergit paa Spranget atter. Olav sat med Nottverden sin, daa det dunkad paa Hurdi, og inn smatt Bergit, raud i Andletet sitt og reint andsloppi. Og ho var inkje snarare komi inn, fyrr ho byrjad leggja ut. Olav bisnad paa henne og byrjad snu Skeidi i Grauten, og daa han hadde snutt hende fjorde Gongen tagnad Bergit. Daa tok Olav til at eta atter. „Men Olav, naar eg no bed dig so fint,“ sagde Bergit og treiv honom i Armen. „Inkje um du var Drotningi sjølv, vilde eg gjera det.“ Det var inkje fritt, at Bergit snipte ein Graat og stundimillom heldt Fyrklædet fyre Augom, der ho sprang heimetter, og daa ho kom i Stova, hadde ho Graatmaal. „No?“ sagde Arne seinlega, daa det gjekk i Døri. „Eg hever inkje set slike Folk,“ sagde Bergit, „eg var inkje god til at faa nokon at ganga, endaa eg sagde baade det eine og det andre; dei vart reint som hugstolne, daa eg nemnde Skardet.“ Eg veit inkje rettare, enn att du fær freista ein Gong til eg Arne,“ sagde Kari og saag upp aa honom. „Eg? du trur daa vel inkje, at eg kann orka slikt attpaa alt hitt Strævet, men er det inkje fleir Folk i Grendi?“ „Det skulde vera“ — sagde Kari og drog paa det. „Eg saag han Preste-Per nede paa Vegen istad,“ sagde Bergit laagt, og vart raudt i det same.