Side:Garborg - Vor Sprogudvikling.djvu/43

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent
Etterskrift til Maalmenn.

Ikkje Strid, men Arbeid! — det hev vorte Hær-Rope oss sjølve imillom og no.

Prof. Storm lær ein Stad aat Usemja vaar; men kanskje dei skal kje læ so mykje aat den helder heretter. Just det, at me no unner kvarandre Fridom i dei mindre Ting, gjer at me kan staa dess fastare saman i det som er det store.

Og etterkvart som me vinn i det store, so kjem Semja i det mindre med. Me er langt paa Veg alt no; for mykje av det, som Storm trur er Usemje, er berre liksom Forslag og Spursmaal — Leiting etter det beste og lettaste i Stavemaate og Form, men ikkje Paastand elder Krav, som ikkje skulde kunna forsonast.

Skilnaden millom Bygdemaali er helder ikkje so farleg som Motmennerne vaare gjerne vil tru.

Storm driv hardt paa med den. Austland og Vestland kan ikkje semjast. Han minner her om Hertug Skule i »Kongsemnerne«. »Samla! samla heile Folket til eit! Vestlending og Austlending, Sogning og Trønder, Telemarking og Nordlending, — samla dei til eit! Det er umogelegt. Vanvit! Slikt melder aldri Norigs Soga um