Side:Garborg - Vor Sprogudvikling.djvu/44

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent
— 42 —

fyrr!« — Men Ivar Aasen, han hadde Kongstanken. Han saag Einskapen gjenom all Skilnad, og for honom var Samlingsverke lett — »som for Falken aa kløyva Skyerne.« 

Me, som forstend Kongstanken, tykjer det same.

Lett — ikkje i den Meining at det er noko ein kan sova seg til. Der er Vanskar nok, og Arbeid vil der til, liksom Falken maa bruka baade Vengjer og Bryst, naar han skal »kløyva Skyerne.« Men lett likevæl, — for den som hev Krefterne og Viljen.

Det er ein Ting, dei altid gløymer, naar dei soleis prøver aa eggja Bygd mot Bygd og reisa Smaarike-Aanden mot Samlingstanken; dei gløymer, at me Maalmenn — tenkjer nationalt. Me held nok paa vaare Bygdemaal. Og me vil halda paa dei likefullt, um Riksmaale vert aldri so norskt. Men det er langt ifraa, at Maaltanken gjer oss til Bygdepatriotar. Det er ikkje det, som er Hovusaki for oss: at »mitt« Bygdemaal skal vera Landsmaal. Nei; til Landsmaal vil me ha det beste, det rikaste og mest fulltonande norske som Lande eig. For i det kjenner me og att det beste i vaart eige, det djupaste, det, som kanskje ikkje lever so klaart og fullt lenger i vaar Bygd, men som me kjenner so underleg att naar me høyrer det, som halvgløymde Tonar fraa Barneheimen. Og her er daa vaart fyrste Krav til Landsmaale. At det attaat maa vera so lett og praktisk som Raad er, — det