Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/86

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

fyri“ er burtkomi, vert fysst dei tri store Vondemagtine: Dyre, den falske Profeten, Djevelen, kasta i Eldsjøen (19: 20; 20: 10, 14); og alle som ikkje er „uppskrivne i Livsens Bok“ fær same Lagnad. Dei som fylgjer Dyre og Profeten vert drepne „med Sverde hans som sat paa Hesten“ (19: 21), og dei som er med Djevelen i den siste Striden mot dei heilage vert uppbrende med „Eld fraa Himilen“ (20: 9); men Dauden og Helheimen vert „kasta i Eldsjøen“ (20: 14); og „dette er den andre Dauden“[1].

Men paa eit Par Stadir er noko nytt aat aa arbeide seg fram: Draumen um ein Eld som ikkje er til Uppreinsking, men til „Pinsle“; dei som der brenn, skulde daa ikkje „brenne upp“, men lìva æveleg midt i Elden. Det er vel Forfylgjingane som hev gjevi denne sjuke Draumen Liv: naar Gud lét Forfylgjarane fara fram som dei gjorde mot Borni hans, so maatte han hava tenkt ut ei reint serskilt skræmeleg Straff aat deim. Av ei Skalde-Ordvending er denne Draumen runnin fraa fysste Tid (smf. Opb. 19: 3, der Røyken av det øydelagde Rom stig upp „i alle Ævur“); men i

  1. All Synd som ikkje er tilgjevi fær i denne Elden si endelege Straff (soleis Syndi mot Anden, som etter Mt. 12: 32 „ikkje vert tilgjevi korkje i denne Heimsalderen eller den komande“).