Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/77

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Og falske Profetar i Saudeklædnad lokkar med truverduge Ord. Etter deira Gjerningar kann ein døme deim; men ikkje alle Gjerningar søkjer Dagen; at Frukt er ròti skynar ein ofte ikkje fyrr ho tek til aa tevja. Alle kann segja Herre, Herre; og jamvel Underverk er ikkje sætande. Berre ein Ting kann ein tru paa: Live, Gjerningane; den som i sitt Liv gjer Viljen til Faderen i Himlom, han aaleine er Jesu Svein. I det heile byggjer den paa fast Grunn som høyrer Jesu Ord og lìver etter deim; den som ikkje lìver etter deim, han kann høyre deim so mykje han vil, og segja deim etter med: han byggjer paa Sand, og Huse hans vil falle.

    orde apollymi: 1) øydeleggja, gjera til inkjes; 2) gange under, forkomast, døy. So lengi „Fortjoning“ vert brùka um endelaus Fordømin, lyt ein til Umsetjing nytte andre Ord, som ikkje læt seg mistyde paa ein so grov Maate. Adjektive apolōlos læt seg og betre attgjeva med „forkomin“ eller „burtkomin“ (Lk. 19: 10) enn med „fortjona“ („fortabt“).