Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/78

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
VI.
J

esus er ikkje rædd Orde Løn. Gong paa Gong læt han Menneskje faa „Løn“ for aa gjera det gode. Jamvel um Dagløn talar han, soleis i Liknaden um Arbeidarom i VInhagen (Mt. 20: 1—16). Men kva han meiner med Orde viser nett denne siste Liknaden serleg klaart.

Løni — her i Live — er den Styrkjin og Vokster som fylgjer med aa gjera det gode. Og denne Styrkingi og Vokstren kjem, og kjem heilt og fullt, um det er tidleg eller seint ein tek til med Arbeide. For Løni ligg i Arbeide sjølv. Naar ein lìver etter Guds Lov, kjenner ein at ein lìver etter si eigi sanne Lov, kjenner, at no fysst lìver ein; Løni for aa gjera Guds Vilje er nettupp „Live“.

Orde um at Gud løner kvar etter hans Gjerning, inneheld fysst og fremst, at Løni liksom Straffi ligg i Gjerningi sjølv, i den Livsvokster eller Livs-Tyning Gjerningi fører med seg. I Liknaden um Saamannen er Løni