Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/47

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
V.
J

esus gjekk ikring hjaa Folke og „lærde i Stemnestogom deira og forkynte Evangelie um Guds Rike“ (Mt. 4: 23 o. Tilvisn.; Lk. 8: 1).

Og Folke høyrde og trudde paa han. Sogune hev i den fysste Tidi ofte Fraasegnir um dette. „Mykje Folk“ fylgde han; „store Mengdir“ flokka seg um han; ein Stad er det fortalt um „Folk i Tusundtal“, Folk som samla seg so tett at dei „trødde paa kvarandre“. Det var Folk fraa alt Lande, fraa Judæa og Jerusalem og Idumæa og hi Sida Jordan og Galilæa og Dekapolis og jamvel fraa Havstrandi ver Tyrus og Sidon (Mt. 4: 25; Mk. 3: 7—8; Lk. 6: 17).

Til Folke tala han etter dei tri fysste Sogune i Liknadar; Folke skyna best deim (Mk. 4: 33—34). I stemnestogom hev han elles paa vanleg Maate tolka Skriftine (Mt. 4: 23 o. Tilvisn.). Bergpreika heldt han for Sveinane soleis at Folke høyrde til (Mt. 5: 1; 7: 28; Lk. 6: 17—18; 7: 1); andre Stadir talar