Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/48

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

han berre til Folke (Lk. 12: 13—21; 13: 22—30; 14: 25—35). Hjaa Mattæus (13: 11—15) og Lukas (8: 10; smf. Joh. 12: 40) er det gjevi ein serskild Grunn for at han tala til Folke i Sogur; den maa vera fraa seinare Tid. Jesus hev visst, at gjenom Bilæte og Sogur fekk han Folke til aa baade høyre og hugse best; og turvtest det Tyding, so hev han tydt Sogune aat Folke som aat Sveinane. Men vel ofte serskilt aat Sveinane (smf. Mk. 4: 34), av di desse Sogune gjerne handla um Arbeide for Messiasrike.

Liknadsogo kann me segja er ei Folkedikt-Form; greide Bilæte fraa Kvardagslive gjev Tankane Liv og hugfester deim. Stutt og klaart vert Sogo sagd, utan Krus eller Kunstir; og Lærdomen kjem fram greidt og tydeleg. Gudsrike vert likna med eit Sinapskorn, ein Surdeig, ein gøymd Skatt, ei dyrverdig Perle, og anna som gjev Bilæte av løynd Rikdom eller Umskapingskraft; Arbeide i Rike, og Vokstervilkaari der, vert skildra fraa alle Sidur. Me hugsar Sogo um Saamannen: Fræe fell paa ymis Grunn; sùmt gror ikkje, sùmt gror fort men visnar; eller Ugras døyver det; men dei som høyrer Orde um Guds Vilje og skynar det, d. e.: tek det upp, gjer det til Liv, dei fær den Løni som ligg i, at Tilvære deira fær Innhald og Meining.