Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/35

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

veit um, at Jesus hev spaatt Frelse for Heindingar i denne Heimsalderen.

Kor tungt det i Røyndi hev falli aa gjeva upp Tanken um Fyssteretten for Israel viser seg i Apostelgjerningar. Peter hev havt si Syn; og Spursmaale er dryft i Kyrkjelage. Men det bryt upp att Gong etter Gong. Sjølve Heidningapostelen vrid seg lengi for aa sleppe Heidningane inn; Orde um Frelsa var sendt til Israel (Apg. 13: 26), og Israel skulde vera det fysste. „Det maatte so vera at Orde vart tala fysst til dekon,“ segjer Paulus i Stemnestogo hjaa Jødane i Antiokia (13: 14—47). Det er berre naar Jødane viser sin Rett ifraa seg, at Heidningane fær von: „sidan dé støyter Orde burt og ikkje dømer dekon sjølve som verdige til det æoniske[1] Liv, sjaa, so vender me oss til Heidningane.“ Men endaa arbeider Paulus millom Jødane, naar han ser seg Raad. Det gjeng ubeint; jamt møter han Motstand; paa eit Møte med Jødane i Korint rister han Klædi sine og segjer paa nytt, at han vil „gange til Heidningane“ (Apg. 18: 6). Og han gjeng. Men gjev ikkje sitt eige Folk upp endaa. Jamvel i Rom talar han Orde i den jødiske Stemnestogo. Men Usemju og Tvist vert det der som all Stad millom Jødane, naar Jesus vert nemnd. Daa svarar Paulus med det Esaias-

  1. Det er ikkje alltid visst at det græske aiōnios læt seg umsetja med „æveleg“.