Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/26

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

er Kristus?“ (1 Joh. 2: 22). At han var Menneskje var elles i den Tidi ein so kjent og sjølvsagd Ting, at serskilde Utleggjingar um det hadde vori meiningslause; heller heldt Apostlane fram det som Messias skulde hava framum vanlege Menneskje; etter Paulus, som heldt seg heilt til Messias-Tanken hjaa dei skriftlærde, stend han ved den høgre Handi til Faderen, eller i ei Høgd millom oss og Gud, er „Millommannen“; han er og den fysst skapte og den sanne Adam[1]. Men „vaar einaste Husbonde er Gud“ (Jud., V. 4).

  1. Um nokre falske Lesemaatar (serleg i Apg. 20:28, 1 Tim. 3: 16, Rom. 9: 5, Hebr. 1: 8, Opb. 1: 11), som verte nytta til Studnad for den ubibelske Læra um Jesu Guddom, sjaa Rydberg: „Bibl. lära“ S. 95 flg.