Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/25

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

(3: 13, smf. V. 26 og 4: 10[1]). Um „Guds heilage Tenar Jesus“ kved dei kristne i Jerusalem i ein Song som ein vel kann kalle den fysste kristne Salmen (Apg. 4: 24 flg.). Tru-Vedkjenningi fraa den Tidi finn me i Ord som desse: „Gud uppresite Nasaræaren Jesus fraa dei daude“ og „gjorde honom til ein Fyrste og Frelsar ved si høgre Haand“ (4: 10; 5: 31). Det er ikkje fyrr seint at me finn eitt og anna Ord um at han sjølv skal hava reist seg upp fraa dei daude.

I Apostelbrevi er Jesus like eins „Menneskje Jesus Messias“ (Rom. 5: 15; 1 Tim. 2: 5 o. fl. St.). Etter Paulus som etter dei andre er det ein Gud; like eins er det „ein Herre[2], Jesus Kristus“ (Rom. 3: 30; 16: 27; 1 Kor. 8: 6; Ef. 4: 5, 6; Gal. 3; 20 m. fl. St.); sjaa og Opningsordi til dei fleste Brevi. Er der noko Spursmaal so er det Spursmaale fraa Sogom um Jesu Messiasdom; „kven er Ljugaren“, Spỳrr Johannes, „utan han som neitar at Jesus

  1. Smf. 1 Petr. 1: 21: „Gud uppreiste Messias fraa dei daude og gav honom Herlegdom.“
  2. Den Skilnaden som Grunnteksti gjer paa „Herren“ Gud og „Herren“ Messias — all Stad der det for klaar Meining Skuld trengst — kann me ikkje faa fram i vaart Maal; men Skilnaden er greid: Orde Herre (Kyrios) hev ven vanlege Artikelen naar det er bruka um Jesus (som i det heile um Menneskje); men um Gud stend det utan Artikel (Rydberg, S. 96).