Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/23

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

fole“ (Salm. 118: 26; Sak. 9: 9)[1]. Soguskrivaren legg til, at „dette skyna ikkje Læresveinane i Fystningi“, men dei „hugsa det“, daa Jesus var „herleggjord“; det vil segja: Sogo er seint uppkomi. Men trudd hev ho vori med heil Hug; og ho høyrde so med til Messiasbilæte, at ho hev spreidt seg fort og livt sterkt, og er komi med i alle Sogune. Hjaa dei tri fysste er ho meir utførd; det er ikkje Folke som helsar Messias av seg sjølv; det heile vert tilstelt: Jesus sender Sveinar inn i Byen etter ein Fole som dei skal „finne bundin“ der — at det og det Profetorde kunde verte uppfyllt; og so kjem Sogo; ho minner sterkt um Gamletestamente. Men daa det vert spurt: „kven er denne?“ svarar Folke beint og greidt: „denne er Profeten Jesus, han ifraa Nasaret i Galilæa“; i FOlketanken er Messias Menneskje so heilt ut, at han gjerne kann vera komin fraa Nasaret.

Jesus sjølv kallar seg helst Menneskjesonen. Dette Namne vert fraa Daniel av (7: 13; smf. Esek. 26: 2) bruka serskilt um Messias[2]. Nemningi „Guds Son“, som ofte

  1. Hjaa Sakarias kjem Sionskongen „ridande paa eit Asen og paa ein av dei unge Asenfolane“; dette hev Mattæus teki for tvo Dyr og læt Jesus setja seg uppa „deim“.
  2. I Enoksboki (Rydeberg: „Bib. lära“, S. 63) er