Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/22

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

er attaat rædd, so han veit ikke hva han talar (Mk. 9: 6; Lk. 9: 33, 34). Daa dei gjeng ned av Berge, byd Jesus deim ikkje fortelja um dette Syne „fyrr Menneskjesonen stend upp fraa dei daude“ (Mt.; Mk.); av dette ser me at Sogo er fraa den Tidi daa Trui paa Uppstòdo hadde vunni Magt.

Er det i Forklarringssogo det aandelege Messiasvilæte som stig fram, so er det helle den verdslege Draumen me finn att i Sogo um Innferdi til Jerusalem. Dette er vel like eins ei Forkynnar-Sogu, bygd paa Messias-Spaadomar; elles hadde ho mill. a. vori nemnd paa Lidingsdagen, daa visst for Pilatus.

I Johannesboki (12: 12—15) er ho fortald med minst Stas, og i tri stutte Vers; der skulde me daa hava ho fraa tidleg Tid; ho lyder soleis:

„Dagen etter, daa den store Mengdi som var komi til Høgtidi høyrde at Jesus kom til Jerusalem, tok dei Palmegreinir og gjekk ut imot honom og ropa: Hosianna! velsigna vere han som kjem i Herrens Namn, Israels Konge! Men Jesus fann eit ungt Asen og sette seg paa det.“

Lenger er ho ikkje. Men dei Ordi fraa Famletestamente som vel hev skapt ho, er i Stuttmaal hermde: „ottast ikkje, Sions Dotter; sjaa din Konge kjem, ridande paa ein Asen-