Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/146

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

gjera. Men dei som livde eit heilagt Liv, dei hjelpte til med aa auke den Skatt av Forteneste som Kyrkja hadde liggjande til aa sone Syndir med.

Vilkaari for Syndarar vart lettare og lettare. Sistpaa kunde ein beint fram, og det for billegg Pris, kaupe seg Synd-Tilgjeving. Ja ein kunde kapue Tilgjeving for dei Syndine ein enno ikkje hadde gjort, liksom ein kunde kaupe Naade for Syndarar som alt var i Sikringselden; „Soningingi“ var fullkomi.

Protestantane ny-reiste sidan Krave paa Anger og Tru. Og gode Gjerningar skulde fylgje Trui, um dei var aldri so gagnlause til aa vinne Himilrike med. Men Krave um gode Gjerningar vart paa nytt burt-tolka.

Tingen var den, at gode Gjerningar var faarlege. Me vilde so gjerne byggje paa deim. Men byggje paa gode Gjerningar var den beine Vegen ― ikkje til Sikringselden, som i Protestantkyrkja var utsløkt, men til sjølve det ævelege Helvite. Me var Syndarar til Botn og Grunn; me kunde ikkje gjera doge Gjerningar. Jamvel det beste Mannaverk var i Guds Augo Synd, var som ein „tilsulka Klædebunad“. Det vart daa mest sliks Slag, anten me synda paa den eine eller den andre Maaten; ja synde beintfram var vel so godt; for daa var me trygge mot den største Faaren: Gjerningsheilagdom. „Synda djerveleg, berre tru!“ hadde