Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/147

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

ei Tru-Kjempe sagt; og den Kjempa hadde Rett; um ein synda, men trudde og bad, so fekk ein Tilgjeving og var so rein som ein aldri skulde ha synda, og dertil trygg mot all Gjerningsheilagdom. „Synd og Naade“ vart den sanne Kristindom, og Røvaren i Lukasboki det rette kristelege Mynster. Ingin kunde gjera det Jesus hadde sagt; ein fekk daa tru paa det Paulus hadde sagt. Tanken um aa elske Næsten kom so burt, at Kyrkja sende den rike Mannen til Himils med stor Stas, um han hadde svelt Lasarus aldri so mykje; og Jesu Ord: ver fullkomne liksom Faderen i Himlom er fullkomin! ― dei klinga reint ut som Spott no i „Kristi Kyrkje“.

So langt hadde den misstydde Paulus hjelpt. God Hjelp paa ein annan Kant fekk Kyrkja dertil av den mistydde Johannesboki.

Israels-Tanken um ein einaste Gud kjendest kald og streng for Heidningfolki, daa visst i det lange Drag. Dei kyrkjelege Heilagmenni, som tidleg kom i Staden for gamle Halvgudar og Husgudar, hjelpte vel noko. Men audsleg vart Verdi endaa i Grunnen.

So hev den uklaare Logos-Tanken i Hoh. 1: 1―4 teki til aa lokke. Og smaatt um Senn hev Jesus vorti umdikta.

Menneskjesonen gjekk Kyrkjefolke av Minne; han er burtkomin alt i Apostelbrevi. Dess meir