Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/144

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
X.
H

eidningheimen kunde ikkje tru paa Faderen.

Alt som var Gud var Herre; meir Herre enn jamvel dei høgste Herrane paa Jordi. All Guddom hadde daa og større og strengare Krav, og var sterkare og hardare i sine Refsingar. Vilde ein halde ein Guddom i Lag, laut ein for det fysste lìva so rimelegt som ein kunde; men serleg maatte ein aldri gløyme dei Bloti og Bønine Guddomen hadde Hug eller Krav paa. Serleg laut ein hugse paa dette, naar det var den øvste og sterkaste Guddomen ein hadde med aa gjera.

Den „Gud Fader“, som Kyrkja etterkvart med Hjelp av ein sterkt tolka Paulus fekk upp, var med all „Faderkjærleik“ so mykje faarlegare enn dei gamle Gudane som han var større enn dei, og allsynt og allvitande, og dertil aaleine um Magti. Det som hjelpte var, at ein Gong hadde han fengi eit Blot so ovgjævt, at