Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/106

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

hjaa dei tvo fysste „Røvarar“; Markus nemner det Profetorde som vel i det heile hev skapt deim. I utruleg Villskap gjeng Prestar, Eldste, Skriftlærde og anna godt Folk ikring og spottar den rettlaust dømde som heng der og døyr. Jamvel Røvarane spottar. Det er vel eit fullgodt Vitnemaal um at dei er Segn; den spotta visst ikkje lenger som paa Krossen var komin.

Etter dei tvo fysste er der ikkje andre av Jesu Kjenningar med paa Golgata enn nokre Kvende som hadde fylgt han fraa Galilæa; desse stend „lang ifraa og ser paa“. Lukas nemner dertil „Kjenningane hans“, men ingin av Sveinane. Johannesboki læt den Sveinen „som Jesus elska“ stande saman med Maria fraa Nasaret ved sjølve Krossen, so Jesus kunde tala til deim; dette veit ingin av dei andre um; Jesu Mor vert ikkje nemnd sidan i Johannesboki heller.

Eller alle Sogune hev Jesus tala paa Krossen. Hjaa dei tvo fysste talar han ein Gong; med eit Ord fraa den 22de Davidssalmen segjer han: „min Gud, min Gud, kvi hev du forlati meg?“ Hadde Mattæus og Markus meint at Jesus sjølv var Gud, hadde dei vel ikkje valt nettupp det Orde. Hjaa Lukas talar Jesus tri Gongir. Fysst bed han for Fiendane sine (smf. Es. 53: 12); so talar han til den Røvaren som (hjaa Lukas) ikkje spottar (etter dette Orde