Side:Garborg - Jesus, Messias.djvu/105

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Pilatus var Romar. Med all den Villmannskap som jamvel Kulturmennar kann koma innpaa, naar dei er Eineherrar millom verjelause Framande ― Europa hev sine Røynslur um slikt fraa Afrika o. a. St. Jamvel i vaar kristne Tid ―, hev han havt lite Hug til aa vera med desse Judæa-Barbarane paa eit tydelegt Rettsmord. Han strider imot i det lengste; freistar med Skjemt og Spotte-Ord, og daa det ikkje nyttar, med verre Ting: piner Fangen, læt ’n hudflengje, klungerkrune o. m. (Johannesboki hev mest um dette, og Segninge hev vel vaksi etterkvart); ved aa pine ein Fange so lengi og so hardt at Medkjensla hjaa Folke kom upp kunde ein Domar stundom berge Live hans; men det er alt faafengt. Pilatus hev denne Gongen med Folk aa gjera som strider for Guds Sak; Krossfestingsrope veks; etter Johannesboki vert Pilatus beint ut truga med Keisaren; Enden er at han „yvigjev Jesus til aa verte krossfest“.

Paa Golgata vert Krossen reist, med Klagemaale øvst: „Jødekongen.“ Hjaa Johannes er det Pilatus sjølv som slær Innskrifti upp; men Pilatus hev visst ikkje vori med og set paa denne Ugjerningi som han paa ein so stakkarsleg Maate hadde lati seg tvinge til aa gjera seg medskyldig i.

Jesus vert krossfest „midt imillom tvo andre“; desse tvo er hjaa Lukas „Illgjerningsmennar“,