Side:Garborg - I Helheim.djvu/160

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

med kvar sine Syndir
paa tyngde Rygg.

Kvar hev si Minning
fraa Livs Verke;
men alle hev dei
det same Merke.

Kvar hev si Sut
til Synde-Hyre;
men alle er dei
merkte til Dyre.

Paa Naastrendar vide
det stend kvar Dag
for Hèr-Draken hóle
eit hardt Slag.

Det glamrar av Vaapn
all Tid;
dei taper og vinn
kvar-si Rid.

Hèr-Lurar ljomar
og Egle-Song;
dei vinn og taper
kvar-sin Gong.