Side:Garborg - I Helheim.djvu/161

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Kvar-sin Gong
dei fell eller flyr;
i Flokkar døyr Mennane
der i Myr.

Døyr i harde
Bane-Ridir;
vaknar upp att
til nye Stridir.

Folnar og døyr
i kalde Gru;
maa upp att til same
Staake snu.

All den Daude-
Rædsle og Kvide
maa upp att dei der
kvar Dag lide.

Veslemøy.

Kva slæst dei fyri? Og kven skal vinne,
naar ein Gong dei Enden naar?

Systeri.

Endelaust tøygjer seg denne Striden;
det er som paa Jordi vaar.