Side:Garborg - Haugtussa.djvu/97

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Ho kavar i kjøvde Rædsla
og vrid seg og vondt seg ankar;
Gamlemor fær kje i Hjarta Fred
for alle dei myrke Tankar.

Daa sender ho Bod til Presten.
Han kann dei Bandi vinde
og med dei heilage, sterke Ord
Vondemagtine binde.

Presten i Kappe og Krage,
høg han for Sengi stend;
so vel han kjenner dei vonde Magtir,
og Harm i Hjarta hans brenn.

Han les av den vigde Boki
Bønir og Eidar harde:
«eg byd deg ved Gud i Jesu Namn,
av Hold og av Ham du fare!» —

Daa gjeng det eit Brak um Huse,
og fælt det i Skorstein tyt;
Gamlemor græt med Gledetaarir;
no veit ho det vonde tryt.