Side:Garborg - Haugtussa.djvu/96

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Men Veslemøy kvæser med kavande Munn:
«sjaa Draken — sjaa Draken — med Gap som ein Brunn . .
og Eldkam fraa Hovud til Halen . . .
Aa Fader vaar . . . Jesus . . . som Djevelen batt . . . —»
— Han Bøne-Per triv etter Sylv-Stav og Hatt
og stuper paa Døri som galin.

H J E L P I


Det er so vondt um Natti;
daa kjem dei Daudingar kalde
hit av den stengde Kyrkjegard
og ringar seg um henne alle.

Og fiktar og slær i Lufti
med Knokar og knytte Hendar
og gaper med glisande Kjakebein
og griner med grésne Tennar.

«Daudingbeine stal du . . .
Daudingbeine naut du . . .
Kaldt det er paa Kyrkjegard;
Daudefreden braut du . . .»