Med Rentur det voks, som det no var hans Von;
og no vil han Garden faa sett til Auktion;
so tek han det heile til Vaaren.
Der sìt han i Benken so stabben og tett
og krever av Gamlemor beile sin Rett:
«no kann eg kje lenger deg live!»
Den gamle ho jamrar og veit seg kje Raad;
«aa arme mi Veslemøy, kor skal det gaa?
No vil dei paa Bygdi oss drive!»
Men støkkt maa ho stogge med Graat og med Skrik;
paa Sengi ligg Veslemøy stiv som eit Lik,
og fælsleg ho skifter sin Hamlìt.
Bleik snur seg den Gamle til Kravsmannen hard;
«ja no kann du faa baade Stogu og Gard;
men gakk so — med Liv paa ditt Samvìt!»
Han Heilag-Per sìt der i Andlite graa:
«kva er det — kva er det ho stirer so paa?
Ho ser noko! Hu, eg tek Fæla!»
«Aa Barne mitt arme, du tak’ det med Ro!
Me skal nok faa Føda vaar lel, baae tvo,
— skal so eg paa Bygdine stela!»
Side:Garborg - Haugtussa.djvu/95
Utseende
Denne siden er godkjent