Hopp til innhold

Side:Garborg - Haugtussa.djvu/47

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

eg segjer fritt,
og tenkjer tidt:
aa var me no alt paa Veg!
Her er so leidt og kaldt,
og d’er so langsamt alt,
men hadd’ eg ho
eg meiner no,
so sytt’ eg kje meir for meg.

Aa hei! lat oss danse med’ Dansen gjeng!
No Soli ho snur,
og Joli ho snur;
lat gaa det paa Kar, lat gaa det paa Spreng!
No gjeng det paa rette Maate.
Til Vaars, kven veit, stend ein annen Dans;
hei! det skal bli Stell,
hei! det skal bli Smell;
ja daa skal me leike forutan Stans,
aa du, so glade og kaate.

Og rundt dei sviv
i laage Rom
med Hopp og Hiv
og Fele-Ljom,