Side:Garborg - Haugtussa.djvu/46

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

L A G E

Aa hau deg og hei, no tek Fela i,
og ho lær og læt,
og ho syng og græt;
aa kom, aa kom no, du Gjenta mi,
no skal me sulle saman.
Aa lengi gjekk me no kvar for seg
og lengta so langt
og tenkte so mangt;
no hev du meg her, og no hev eg deg;
det er so godt eit Gaman.

Aa hugsar du sist paa den grøne Eng;
eg sneidde og slo,
du breidde og lo,
so sat me kvilte paa Moseseng;
aa du, det var blide Dagar.
Eg saag paa deg og du saag paa meg,
og me lo so godt
og forstod so godt;
eg tenkte med meg: dette jamnar seg,
og sidan seg allting lagar.

Aa ja, du Gjenta mi,
det er so lang ei Tid;