Side:Garborg - Haugtussa.djvu/29

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


«Um Vinteren veks eit underlegt Tre,
men minkar um Vaaren;
Roti snur upp og Toppen ned,
og smal er han skorin.»

«Jokulen er dette Vinter-Tre,
som minkar um Vaaren;
han heng under Taket med Toppen ned,
og smal er han skorin.»

«Vaar Herre fær det visst ikkje sjaa,
men me ser det kvar Dag?»
«Sin Jamlike er det han ei fær sjaa,
men som me ser kvar Dag.»

«Rotlaust veks det av lange Røtar.
Um Dagen det skrid
paa tvo, men til Morgons paa fire Føtar,
um Kvelden paa tri

«Mannen veks rotlaus av mange Røtar
fraa Adam av.
Og fyrst han kryp; so gjeng han paa Føtar,
men sist med Stav.»