Side:Garborg - Haugtussa.djvu/28

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


«Rundt som eit Egg og langande langt
som ein Kyrkjeveg?»
«Garn-Nyste er baade rundt og langt,
kann eg segja deg.»

«Fire heng og fire gjeng,
naar Lauve det spretter;
tvo stend i sky; tvo finn Vegen til By,
og ein diltar etter?»

«Kui med Jure paa fire gjeng,
naar Lauve det spretter;
Horn stend i Sky; Augo ser imot By;
men Rova sleng etter.»

«Brunt i Roti det lær til deg,
men kvitt uppi Toppen;
under eit Aaklæd’ det spelar seg,
og gjer godt i Kroppen?»

«Ny-Øle æser og brunt seg dreg,
med Skùmhatt paa Toppen;
i aaklæd-tekt Kjer so spelar det seg
og gjer godt i Kroppen.»