Side:Garborg - Haugtussa.djvu/25

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

Snaarur i Vegen din
og lillar lint og lokkar
og tryller ditt unge Sinn.

Aa sjaa deg, sjaa deg fyri!
Du hev so myrk ein Veg.
Men naar du ut vil glide,
eg er ikkje langt fraa deg.
Aa sjaa, aa sjaa deg fyri!
Vegen er myrk og glatt.
Men ljuv er ljosnande Morgon
alt etter den tunge Natt.»

Veslemøy vak med Glede
vil helse si Syster god.
Daa lyste gjenom Rute
den fyrste Morgon-Glod.
Den sæle, kjære Syster
gleid burt i Ljosken linn.
Det drogst ein Sukk som døydde
i vaknande Morgonvind.