Side:Garborg - Haugtussa.djvu/24

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

FYRIVARSL

Veslemøy ligg og drøymer
i Morgonstundi graa
og ser si sæle Syster
for Sengebenken staa.
Mjukt fløymer det kvite Lakan
ikring den Skapnad fin;
so vent det skimrar og lyser
med underlegt Bivreskin.

Eit Staup av Sylve klaare
i magre Hand ho bèr.
Dei store stille Augo
med Sorg paa Veslemøy ser.
«Du arme, unge Syster!»
ho kved med kjærleg Sut,
«her er den Kalken djupe,
som du skal tøme ut.

Du hev den tyngste Lagnad
som nokon her kann faa.
Det som i Natti seg løyner,
det skal du skilja og sjaa.
Di legg det svikefulle