Side:Garborg - Haugtussa.djvu/176

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Her inne i løyndaste Myrke-Kraa
sìt Gumle i Tidine lange.
Som turre Tre-Rot han er aa sjaa
med Lemine vridne og vrange.
Um Hausen gror Steinrot og Mose graa.

«Du Gumle gamle i Gnavlehòl!»
kved Haugkall med Mæle skrinne,
«du vakne og mumle ditt Gumle-Maal,
det maa ikkje gaa av Minne.
No Ungdomen kved berre Rask og Raal.»

Da dreg det upp som Klokke til Slag
i Halsen skrukne og turre;
det gnidkar og gneg som Bor og Sag
og mèl som i Katt og Knurre.
Og Gumle-Maal losnar i lange Drag.


GUMLEMAAL

Maal kved Gumle
um Gamle-Æva.
Daa raadde Risar
Heims-Ringen.
Natti laag