Side:Garborg - Haugtussa.djvu/175

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


«So er Træle-Ætti.
Inkje eig Jutul Spursmaal,
inkje Svar.
Betre no i Djup stige,
høyre Kvad og Harms Kvæde,
olme Ord av gamle Gumle-
far.»


GNAVLEHÒL

Langt inne, djupt i Skarefjell-Grunn
seg holar ein Hall av Kopar;
han kvelver irgrøn sin høge Rund
med Glim av glidande Dropar.
Eit Blaa-Skimmer gløser som halvt i Blund.

Det tiklar og siklar og renn og dryp
der rundt i Kræane skùme;
det kvislar kvævt av Firfisle-Kryp;
det gjeng som Geisping i Rome.
Der lyngormen søv med sin Spord i Glyp.