Hopp til innhold

Side:Garborg - Haugtussa.djvu/157

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Aale-Trollmann.

So mang ei Uferd eg Arming fór;
no treisk eg med Trollkunst fiktar;
Split eg vekkjer med range Ord
og Vildring, naar braadt eg svigtar.

Kann ein kje vinne i opin Strid
so kann ein som Fant seg klara;
den Visdom lærde eg Byrgdi mi;
med den skal ho ille fara.

Trollmann med Mulehand.

Eg lærer Folke det stille Svik,
som alltid laagare bautar;
so mang ein god Gut er alt meg lik
og tegjer naar Urett brautar.

Svartebrødrar.

Me sutrar Salmar og Bønir gneg
og mullar Lov og Vangilje,
til Folk trur dette er Livsens Veg,
og gløymer Livsens Vilje.