Hopp til innhold

Side:Garborg - Haugtussa.djvu/156

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Trollmann med tvo Andlit.

Eg manar Elvi til stilt aa staa
og bind i Skùming Døgre;
eg vil baade fram og attende gaa
og baade til Vinstre og Høgre.

No stend mi Bygd som den stille Dam
med Ròt or rare Dyr i;
ho sik ikkje att, ho vinn ikkje fram;
snart er ho berre Myri.

Hesteskjerar.

Smaamann skal ha det store Rom
og styre paa Smaamanns-Gjerdi;
daa dreg han alt ned i Amodsdom,
og det vert trongt i Verdi.

Og den som var skapt til veldigt Verk,
skal sitja blid ved Rokken;
eg tek hans Manndom, og Guten sterk
vert blaut som den andre Flokken.