Side:Garborg - Haugtussa.djvu/144

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

høgt med Brak kjem den svarte Mann,
set seg paa Store-Steinen.
Augo gløser som Glod og Brand
yvi Fjellom.

Fram so glider dei Draugar,
ranglar med sine Bein;
ein Gong gav dei seg Hin i Vald,
maa so lide det Mein.
Gravsong susar som Vinden kald
yvi Fjellom.

Kjem so den hoppande Haugbukk,
Svartalv og svidde Dverg,
Havtroll og Nøkk og den gule Gast
og alle som bur i Berg.
Hit dei hiver i Sjumils-Kast
yvi Fjellom.

Sist kjem Trollmann og Kvende
hit yvi Aude-Heidar,
rid paa Limar og Staur og Stong,
mullar so harde Eidar.
Fælsleg gaular den Galdresong
yvi Fjellom.