Side:Garborg - Haugtussa.djvu/136

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

Her drøymer du kurt
og gløymer deg burt
og kviskrar og kved
i den store Fred
med Svaling for Hugsott og Lengting i sjuk.
— Aa her vil eg minnast, minnast.

Du vildrande Bekk,
du sildrande Bekk,
kva tenkte du alt paa din lange Veg?
Gjenom aude Rom?
millom Buske og Blom?
Naar i Jord du smatt,
naar du fann deg att?
Tru nokon du sang so eismal som eg.
— Aa, her vil eg gløyme, gløyme.

Du tislande Bekk,
du rislande Bekk,
du leikar i Lund, du sullar i Ro.
Og smiler mot Sol
og lær i ditt Skjol,
og vandrar so langt