Side:Garborg - Haugtussa.djvu/134

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

«jau daa var Jon i Skarebròte sæl,
um hans ho vart, den kaute Velstands-Fyrkja!»
Ho kjenner Styng i Bryst og Skjelv i Kne;
i Vanmagt trøytt ho sìg paa Stolen ned.

Daa fær ho høyre meir en sjølv ho vilde;
ho høyre maa, at denne Guten staut,
som so ho trudde, lett sin Lovnad braut
og floksa fritt med alle Gjentur gilde.
Men no han vankar klok paa Bele-Rass
til sjølve rike Megga ifraa Aas.

Og denne etter Jon er reint som gali;
ho lokkar han so alle kann det sjaa;
og han so vel som andre vìta maa,
at ho er best av alle Gifte-Vali.
Og so med denne Drosi eine dansar han,
og andre gode Gjentur aldri ansar han.

Som Fuglen, saara under varme Veng
so Blodet tippar lik den heite Taara,
ho dreg seg sjuk og skjelvande i Seng
og vrid seg Natti lang i Graaten saare.
Det slit i Hjarta og det brenn paa Kinn.
No maa ho døy; ho miste Guten sin.