VOND DAG
Ho reknar Dag og Stund og seine Kveld
til Sundag kjen; han hev so trufast lova,
at um det regnde Smaastein yvi Fjell,
so skal dei finnast der i «Gjætarstova».
Men Sundag kjem og gjeng med Regn og Rusk;
ho eismal sìt og græt attunder Busk.
So vel ho veit han aldri svike kann,
um det kjem gode Dagar eller vonde;
han veit at daa ho aldri lìva kunde,
men sokk og dreiv som kalde Lik i Land.
Men tungt er Hjarta i den unge Bringe,
og rædde Graaten kann ho ikkje tvinge.
Daa kjem ho heim ein Sundags Kveld mot Haust,
av Hugverk mødd og sjuk av Auk og Otte
og trøytt og tung. All Dagen hev det aust
med Regn, so reint i Flaum ho vasse maatte.
Ho berre skundar seg og vil i Seng.
Det er det einaste ho veit og treng.
Men nett er Gamlen komin heim fraa Kyrkja;
og no med Pipa nøgd han nytt fortèl: