Side:Garborg - Haugtussa.djvu/128

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent


Aa berre Timane vilde skride,
og berre Dagane vilde lide!
Men eg vil kveda og vera glad;
for um Sundag kjem han, trala, trala!


SKOG-GLAD

Aa stakkars vesle Hare
so fin og silkeklædd,
Gud veit kvar du hev fari,
med di du er so rædd?
Du spretter og du skvetter
so hovdalaus i Kring;
kva er du renner etter
og snøgg i Hol deg sting,
arme Ting!

Her er so god ein Sùmar
med Hus i kvar ein Busk
og Lauv og friske Kùmar
aat slik ein liten Trusk.
No skal me vera kvate
i slik ei Solskinsstund;
no skal me vera late
og taka oss i Lund
lette Blund.