Hopp til innhold

Side:Garborg - Haugtussa.djvu/120

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent

Slik Smak so frisk og so fin!
Eg er som paa Kongens Slott.
D’er plent som den beste Vin;
aa nam-nam, so søtt og godt!

Men kom no den Bjørnen stor!
— Her fekk bli Rom aat oss baae.
Eg torde kje segja eit Ord
til slik ein rysjeleg Vaae.
Eg sa berre: ver so god;
no maa du kje vera bljug!
Eg læt deg so vel i Ro;
tak for deg etter din Hug.

Men var det den Reven raud,
so skuld’ han faa smaka Staven;
eg skulde banke han daud,
um so han var Bror til Paven.
Slikt skarve, harmelegt Sleng!
Han stèl baade Kje og Lamb.
Men endaa so fin han gjeng
og hev korkje Agg hell Skam.