Denne siden er godkjent
Men var det den stygge Skrubb,
so arg og so hol som Futen, —
eg tok meg ein Bjørkekubb
og gav han ein god paa Snuten.
Han reiv sund Sauir og Lomb
for Mor mi so traadt og tidt;
ja sant! um han berre kom,
so skuld’ han so visst faa sitt.
Men var det den snilde Gut
der burte fraa Skare-Bròte, —
han fekk vel ein paa sin Trut, —
men helst paa ein annan Maate.
Aa Tøv, kva tenkjer eg paa!
Det lid nok paa Dagen alt . . .
Eg maa til Buskapen sjaa; —
ho Dokka drøymer um Salt.
M Ø T E
Ho sìt ein Sundag lengtande i Lid;
det strøymer paa med desse søte Tankar;
og Hjarta fullt og tungt i Barmen bankar,
og Draumen vaknar, bivrande og blid.
Daa gjeng det som ei Hildring yvi Nuten;
ho raudnar heit; — der kjem den vene Guten.