Side:Garborg - Den Burtkomne Messias.djvu/10

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

daa berre gjelde um, at ein ikkje læt det arme Folke — som strævar med aa føde baade seg sjølv og oss, og daa ikkje hev Stundir til aa sitja paa Kantor og studdere i kloke Bøkar — at ein ikkje læt Folke staa altfor verjelaust mot rabies theologorum, som med si ugudelege Helvitlære fyller Galnehus og Sjølvdraap-Listur meir enn forsvarlegt er, serleg hjaa oss, der Folke bur einslegt og spreidt, og dertil er aalvorsamt av Natur, so at altfor mange kjem innpaa Gruvling og tunge Tankar.

Gjev det kunde laga seg, og laga seg snart! Jesus sagde at me skulde elske vaar Næste; høyrde me paa honom, so laga det seg nok; men ... den kristelege Staten kann ikkje høyre paa Jesus; den Mannen var, ettersom me høyrer no, ikkje kristen.